Jan Eggum

Jan Eggum - Bonden og berget lyrics

Grått og gamaIt og kvitt og kaldt

famnar fjellet om sine små.

Trollet sit traust inni berget det blå,

stor og stø, og passar på.

Menneskekryp og anna maur

sår og haustar og sankar gryn,

men om bonden vil dra til by'n

høyres frå berget: Kor skal du hen?

Kjem du'kje att før sola renn,

slepp eg deg ikkje inn.

Svart av sorger og fri eksos

lokkar byen med kunstig vår.

Bonden har aldri sett lettare kår,

eg kan bli til neste år!

Her kan eg festa natta lang,

gå til jobben i ro og mak,

jobba jamnt under kjempetak,

søkja stipend og førtidspensjon,

kjøpa meg bil og telefon.

Rik kan eg reisa heim.

Stinn av setlar og varm av vin

bankar bonden på bergets port.

Vakna no, vaktmann, og slepp meg inn fort

elles skyt eg fjellet bort.

Trollet er trøytt og talar tregt:

Dynamitt kan du spara deg.

Daud er dalen som ligg hos meg.

Her er det fred som då eg var ung.

Vegen attende vart lang og tung.

Du skulle høyrt på meg.

No kan du angra deg.

Get this song at:  amazon.com sheetmusicplus.com

Share your thoughts

Comments